.......Voss IL
....friidrett

Frå 2010 vil du finna alle stemneresultat i friidrett på denne sida

  • I venstremenyen alle resultat
  • I høgremenyen resultat frå motbakkeløpa til Voss oppturar

Omtale av stemne og all informasjon, også resultat, finn du på heimesidene til Voss IL og Voss Oppturar

http://www.vossil.no og på http://www.vossoppturar.no/

Omtalen under er frå 2009 og før

Hangurslia opp og oppturcupen
Asbjørn Berland fekk beste tid i Hangurslia opp føre Kristen Skjeldal. Raskaste i kvinneklassen vart May Britt Buer frå Harding IL føre Pernille Thommassen. Sjå klassevis resultatliste.
Oppturcupen vart vunnenn av Kristen Skjeldal og Synne Mala Visnes. Sjå resultatlista

Vossameisterskapen 11.06
Vossameisterskapen vart arrangert under fine forhold. Resultat frå stemna finn du her

Hanguren opp sundag 7.juni
Vart arrangert i strålande forhold. Med tida 28.08 betra May Britt Buer frå Harding den tidlegare løyperekorden til Kjerst Simpson Larsen med heile 38 sekund. Og Kristen Skjeldal sprang bestetida si ned med 18 sekund til 23.22 - og var berre 30 sekund bak den sterke rekorden Jon Tvedt sette i 2008. Resultata finn du her og på www.vossoppturer.no

Vossameisterskapen i friidrett torsdag 11.juni kl. 17.30
Me ber om påmelding innan kl.17.20. Øvingar og tidstabell finn du her
Premiering til alle i rekruttklassen - elles premiar til dei tre beste i kvar øving. Bollar og saft til alle. VEL MØTT!

Funksjonærliste for vossameisterskapen

Hugs Hanguren opp sundag 7.juni.
Start frå Prestegardsalleen kl. 13.00. Trimklasse kan starta frå kl. 10.30. Sekretariat på Voss ungdomsskule/skuleplassen.

Resultata frå stemnet den 28.05 finn du her

Aktuelle stemne du kan vera med på i sesongen finn du her
Terminlista for heile landet finn du lenkje til her

Treningsstemne torsdag 28.05
Det vert treningsstemne på idrettsplassen torsdag 28.05. Start kl. 17.30, løp kl. 18.00. Alle klassar frå 6 år. Øvingar og tidstabell finn du her

Funksjonærlista finn du her

Resultat treningsstemne 14.05
God deltaking på treningsstemnet torsdag kveld. Resultatlista finn du her

Treningsstemne torsdag 14.05
Stemne på Idrettsplassen torsdag kl. 18.00. Påmelding frå kl. 17.00-17.45 i tidtakarbua. Alle klassar frå rekrutt. Øvingar: 60m, lengde, liten ball, 600m, 3000m.

Resultat terrengløp
Her finn du resultat frå terrengløpa no i vår. Les meir

Terrengløp
Me arrangerer terrengløp i Prestegardsmoen torsdag 30.april kl.18. Påmelding i idrottshuset frå kl 17-17.40. Alle klassar frå rekrutt. Start frå plenen vest for kunstgrasbana. Nytt terrengløp torsdag 7.mai. Det første banestemnet vert 14.mai.

Treningstider for våren
På idrettsplassen måndag kl 17-18 og torsdag kl. 19-20

Ny heimeside for motbakkeløpa
Det er no laga ei ny heimeside for motbakkeløpa Hanguren opp, Hangurslia opp og det nye motbakkeløpet Lønahorgi opp. Her finn du og informasjon om Stalheimskleiva opp. Adressa er: www.vossoppturar.no. Gå til sida

Hangurslia opp 2008
Vart i år arrangert for 15 gong og under fine forhold. I alt var det med 120 deltakarar, 53 av desse sprang i konkurranseklassen. Sjå resultatliste.
_____________________________________________________

Hangurslia opp 2008
Vert arrangert laurdag 4.oktober. Påmelding i Bavallstunet frå kl 13.00. Start kl 15.00. Premieutdeling i Bavallstunet rett etter løpet.
_______________________________________________________________

Resultat frå stemnet den 4.09
Det vart diverre lita deltaking på stemnet. Ein del av grunnen var nok at lysinga i Hordaland først kom same dag som stemnet, men også i fjor var det få som stilte på stemnet om hausten - så me må nok sjå på kvifor friidrettssesongen om våren synest vera meir attraktiv enn om hausten. Resultata frå stemnet finn du her

Trening kvar måndag og torsdag kl.18.00 ______________________________________________________

Friidrettstemne på idrettsplassen torsdag 4.09, kl. 17.30
Påmelding frå kl 16.45 i tidtakarbua. Øvingane og startider finn du her
_______________________________________________________

Flotte resultat i ungdomsmeisterskapen
Hilde, Ingrid og Maria deltok på ungdomsmeisterskapen i Sigdal med flotte resultat og fleire personlege rekordar. Hilde fekk sølvmedalje på både 1500m hinder og 2000m. Maria sprang inn til bronsemedalje på 2000m hinder, og Ingrid fekk ein 4.plass på 1500m hinder. Resultata finn du her.
_______________________________________________________

Resultat i sommar
Hilde Fenne (15) har oppnådd fleire gode tider i sommar. I vossameisterskapen den 5.juni fekk ho 11.09.84 på 3000m meter. Dette er den 2. beste tida i landet i år. Veka etter sprang ho 2000m på Fana på 6.51.97. Også her er det berre ei jente som har sprunge fortare i år i klassen. I Ulvikleikane den 29.juni sprang Hilde i sololøp på den gode tida 2.25.14.
Ingrid og Maria Fjose deltok den første helga i august i junior-NM. Begge oppnådde gode resultat. Tidsmessig var dei litt bak sine personlege rekordar.
Resultata kan du lesa her.
_______________________________________________________

Jon Tvedt "smadra" løyperekorden i Hanguren opp.
Kristen Skjeldal sin rekord frå 2007 på 23.45 vart slått med heile 50 sekund. Jon Tvedt vart lenge følgd av Øyvind Heiberg Sundby frå Tjalve, men i det bratte midtpartiet opparbeidde Tvedt seg raskt ei luke og var i mål 37 sekund føre Heiberg Sundby. På 3. plass kom Kristen Skjeldal med 24.17.
I jenteklassen vart det ein hard kamp mellom Anne Elvebakk Linn, som verkeleg held forma ved like, 15 åringen Hilde Fenne og Therese Sjursen frå BFG Fana. Hilde og Therese fekk same tid, 30.34, 6 sekund føre veteranen Anne.

Trass i litt småsurt ver, var det 80 deltakarar i konk. klassen og 60 trimmarar som la i veg mot målet ved Hangursrestauranten - ei stigning på 620m fordelt over 3.3km. Sjå resultatlista

Her finn de bilete frå løpet

Christian Prestegård, primus motor for bakkeløpsbølgja i Noreg, kom og til Voss for å prøva løypa. Les kva han skriv om løpet i Kondis/motbakkeløp: Kondis
_______________________________________________________

"Hanguren opp" vert i år arrangert laurdag 21.juni
Informasjon om løpet og innbjoding finn du her: Info
_______________________________________________________

God deltaking og mange gode resultat i vossameisterskapen torsdag 5.juni
Sjå bilete og resultatliste frå stemna
_______________________________________________________

Vossameisterskapen vert arrangert torsdag 5.juni. Sjå infoark med øvingar. Info
_______________________________________________________
Vossameisterskapen i terrengløp
Vert arrangert i Prestegardsmoen tysdag 6.mai kl. 17.30. Påmedling i Idrottshuset frå kl. 16.45

Treningstider
Trening på Idrottsplassen kvar måndag og torsdag kl. 18.00

Hangurslia opp 2007
Hangurslia opp vart arrangert for 14.gong laurdag 6.oktober. I år deltok i alt 140 løparar - av desse 80 i konkurranseklassen. Sjå resultat.

Trening
Treningstider for hausten (frå 10 år): Tysdag kl. 17.00 og torsdag kl. 19.00

Hanguren opp - ny løyperekord.
Med tida 23.42 betra Kristen Skjeldal sin eigen løyperekord med 7 sekund. - I år deltok 78 løparar i konk.klassen. I turklassen ver det 90 deltakarar. Sjå resultat og bilete

Resultat frå Vossameisterskapen tysdag 5.juni.
Les her

Resultat frå Framoleikane
Mange gode resultat i Framoleikane. Les her

Resultat frå treningstemna tysdag 29.mai
Les her

Øvingar og tidstabell for Vossameisterskapen tysdag 5. juni
Vossameisterskapen i friidrett går tysdag 5. juni (og ikkje onsdag 6.juni slik det står i handboka). Øvingar og tidstabell finn du her

Øvingar og tidstabell for treningsstemna tysdag 29.mai.
Øvingar og tidstabell for stemnet tydag 29. mai finn du her

Neste friidrettstemne på idrettsplassen tysdag 29.05
På grunn av "Vossasvinten" må me flytta neste stemne til tysdag 29.mai. Påmelding frå 17.15 og start kl. 18.00. Vossameisterskapen er flytta til tysdag 5. juni med start kl. 17.30.

Resultat frå stemne onsdag 9.05
Resultata frå stemnet finn du her

Treningsstemne onsdag 9. mai
Onsdag 9. mai kl. 18.00 vert det treningsstemne på idrettsplassen. Alle klassar frå rekrutt. Påmelding frå 17.15-17.45 i tidtakarbua. Øvingar og tidsskjema finn de her

Terrengløp 26.04
Resultata frå terrengløpet finn du lenke til i margen.

Resultat terrengløp 19.04
Det første terrengløpet i år vart arrangert i Prestegardsmoen i kaldt og surt ver, men det la ikkje nokon demper på innsatsen til dei 32 utøvarane som stilte. Neste terrengløp vert torsdag 26.april. Sjå resultatliste.

Friidrettssesongen 2007
Sjå oversikt over stemne du kan vera med på i vårsesongen. Les meir

NCC sommarleir
Me tilbyr i år dei aktive utøvarane våre å delta på NCC sommarleir. Les meir om praktiske opplysningar. Les meir

Terrengløp
Det første terrengløpet i år vert arrangert i Prestegardsmoen torsdag 18.april kl. 18.00. Påmelding i Idrottshuset frå kl. 17.00-17.45.

Trening i april
Me startar utandørstreninga tysdag 10.april. Førebels vert treningane for utøvarar frå 10 år og til følgjande tider:
Tysdag: Kl 17.00
Torsdag: Kl. 19.00

Ny treningstid i Idrettshallen
Innandørstreninga i Idrettsshallen vert etter nyttår på torsdagar kl 19.00-20.00. Alle klassar frå 10 år.

2006:

Trening i Idrettshallen
Tysdag 14. november startar me opp med innetrening i Idrettshallen. Frå kl. 18.00-19.00. Klassar frå 10 år. Hovudvekt på teknikk, spenst og styrke.

God deltaking i Hangurslia opp
Hangurslia opp vart arrangert for 13. gong laurdag 7.oktober. Ialt var det 159 deltakarar - 81 trimmarar og 78 i konkurranseklassane. Kristen Skjeldal stilte for første gong i løpet og vann etter ein skikkeleg duell med Sjur Røthe. I dameklassen vann Karoline Kvinge frå T&IL Viking, men Hilde Fenne (13 år) var ikkje langt etter. Sjå resultatlista i høgre marg.

Ny pers for Ingrid i Bergensleikane 16.-17.09
Ingrid vart nr 2 på 800m i Bergensleikane med ny personleg rekord og den gode tida 2.25.88 - ei betring av pers.rek. med heile 3 sekund. Maria sprang og 800m. Med 236.36 var ho eit stykke bak rekorden sin på 2.28, men kom i eit heat der ho måtte syta for farten sjølv, og så har det nok vorte litt mange langturar (skitrening) i det siste.

Flotte resultat i NCC-leikane i Haugesund
Ingrid og Ann Othilie var uttekne frå Hordaland til å delta på NCC-leikane i Haugesund 9.-10.09. Ingrid vart nr. 4 både på 600m og 1500m med nye personlege rekordar: 1.45.22 og 5.13.80
Ann Othilie vart nr 5 både på 600m og 1500m også med nye personlege rekordar på 1.52.30 og 5.13.80. Ho deltok og i lengda, som diverre gjekk rett etter 600m , og vart nr. 16 med 4.08. I høgde fekk ho 9. plass med 1.28. Flott innsats av begge!

Treningstemne på idrettsplassen onsdag 6.september
Øvingar og førebels tidsskjema finn du under lenka stemne i venstre marg.

Stordleikane 18.-19.08
Ingrid og Maria deltok på Stordleikane med gode resultat. Maria vart i 16 årsklassen nr 4 på 600m med tida 1.49.10. Ingrid delte 1.plassen i 14 årsklassen med tida 1.46.25, og fekk 2. plass på 800m med 2.28.95. Denne helga (26.-27.) er Maria med på ungdomsmeisterskapen som vert arrangert i Byrkjelo.

Gneistspelen 2. og 3. september
Påmelding til stemnet seinast måndag 21.08. Øvingsutval finn du under lenkja stemne.

NM - i motbakkeløp
Flott innsats av Kristen Skjeldal og og Kjetil Dyrvik i NM i motbakkeløp. Kristen vann klassen sin og vart totalt nr 4. Kjetil vart nr 2 i klasse 40-44 og nr 20 totalt. Sjå resultatliste Bilete frå løpet kan de sjå her.

Stordleikane 18.-20.08
Me må ha påmelding til Stordleikane innan torsdag 10.08. Sjå øvingsutvalet her.

Forum (praterom)
I forum kan du skriva, spørja , diskutera og kommentera. Lenke i venstre marg.
Dersom du har bilete som me kan leggja ut, så send dei til epostadressa vår.

KM 15-18 år
Vert arrangert på Fana stadion 12. og 13 august. Sjå innbjoding
Andre stemne utover hausten finn du under under Stemne i venstre marg.

Trening
I veke 29, 30 og 31 (frå 17.juli) er det trening for utøvarar frå 10 år på måndagar og torsdagar kl 17.00. Les meir.

Veteran-NM
Veteran-NM vart i år arrangert på Modum og Terje Austrheim fekk bronsemedalje på 800m i klassen 50-54, med tida 2.18.20. Sjå fleire resultat

Hanguren opp
Hanguren opp den 25.juni vart ein suksess. Mange trimmarar tok turen på Hanguren for å heia på Kristen og alle dei andre 87 konkurranseløparane i mål. Kristen vann suverent med ny løyperekord. Resultatliste og bilete frå innkomsten finn du her.

Ulvikleikane 1.juli
Ulvikleikane var i år prega av ferietid, men det var fleire gode resultat. På 3000m var Sjur Røthe suveren og vann på den gode tida 9.18.72. Fleire resultat av vossingar her.

KM 11-14år
KM for 11-14 år vart arrangert på Osterøy 17.-18.juni. Ingrid, Ann Othilie og Ida Synnøve deltok - og med fleire gode resultat. Sjå resultata deira her.

Framo-leikane 9.-11.06
Framo-leikane er det største jente- og gutestemnet på Vestlandet. Det var god deltaking frå laget og mange gode resultat. Resultat.
Fullstendige resultatlister: Fredag, - Laurdag- Sundag

post@vossfriidrett.org

HANGUREN OPP

Hanguren opp 2010
Hanguren opp 2008
- resultat 2008
- bilete og resultat 2008

Hanguren opp 2007
Hanguren opp 2006

LØNAHORGI OPP
info om løpet
løypeprofil
førehandspåmelde
Lønahorgi opp,NM2010

NY HEIMESIDE FOR BAKKELØPA HER

HANGURSLIA OPP
Hangurslia opp 2008
- start i Bavallen
Resultat 2006
Resultat 2007
Resultat2008
Resultat 2009

STALHEIMSKLEIVA OPP
Resultat klassevis 2010
- resultat etter kjønn

Styret
Trening
Stemne

Funksjonærlister

Resultat 2006
Resultat 2007
Resultat 2008
Resultat 2009
Resultat 2010

KM 11-14 år 2010

Bilete
Linkar
Nytt frå forbund
og krets
Forum
Friidrett i skulen
- tips og opplegg
Veteranfriidrett